Sparebanken Vest
GENERALSPONSOR
Vår generalsponsor er ein bank som satsar på Vestlandet.
Visjonen til Sparebanken Vest
Sparebanken Vest skal gjennom profesjonell bankdrift vere ei drivkraft for nærings- og samfunnsutvikling på Vestlandet.
Visjonen uttrykkjer et ambisjonsnivå for korleis vi ønsker å bli oppfatta. På same tid skal visjonen gje retning for dei som jobbar i banken.
Banken for folk flest
Sparebanken Vest lever og virkar i tett avhengigheitsforhold med kundane sine. På ein folkeleg måte kan vi seie banken sin visjon er å medverke til at Vestlandsregionen sine innbyggjarar, verksemder og samfunnsinteresser lukkast i å realisere sine mål.