Musikk i sentrum
Førdefestivalen inviterer til mange gratis arrangement i løpet av dei fire dagane festivalen varer. Musikk i sentrum har vi kalt serien med minikonsertar og smakebitar på det ordinære konsertprogrammet vårt.
Torgscena ved Elvetorget (tidlegare Førde Torg) er hovudarena for desse konsertane, men det er også konsert på Rica Sunnfjord Hotel & Spa, ved Coop Mega, og sjølvsagt på Festivalfrukosten laurdag 7. juli på Festplassen, samt den flotte festivalparaden frå Førdehuset laurdag føremiddag.
TORSDAG 5. JULI KL. 12.00 sparkar vi det heile i gang - på Torgscena ved Elvetorget. Deretter går det slag i slag med musikk og dans dag og natt, fire dagar i strekk. Rundt 90 arrangement med nesten 300 artistar frå 33 land.