Førdekonferansen 2012
Inn med publikum - ut med fordomane.
Torsdag 5. juli frå kl. 11.30 – 17.00 på Rica Sunnfjord Hotel & Spa
2012 var året då kulturkjerring vart ein heiderstittel. Det handlar om blodfansen og «menigheten», men også om det litt ulne omgrepet "folket" og ikkje minst ”dei andre”. I år set konferansen i Førde fokus på publikumssammensetjing. Er den urokkeleg? Er det kun utdanning og økonomi som avgjer om publikum kjem? I 30 år har vi brukt Bourdieu sine distinksjonsteoriar, men kva er det eigentleg som bestemmer kva? Og for kven? Når vi nye grupper når kulturkonsumet aukar? Kan vi bryte barrierar og ønske fleire velkomne på dei kulturelle arenaene? Førdekonferansen 2012 inviterer til fakta- og erfaringsutveksling om publikum si deltaking under mottoet: inn med publikum – ut med fordomane.
Seniorforskar Egil Bjørnsen ved Agderforskning vil i sitt innlegg ta utgangspunkt i Per Mangset sin rapport "Demokratisering av kulturen". Han ser på de nedslåande tala for kulturbruk og spør kva som kan gjerast for å bryte denne trenden. Korleis kan kulturinstitusjonane bryte med fordomane og tenkje nytt?
Når du ønskjer å nå ut til fleire og nye grupper er det grunnleggande å minne seg sjølv på at alt ikkje er like viktig for alle, ei heller at alle skal gå på alt. Så korleis går då NRK fram? Som allmennkringkaster har NRK visjonen: Noko for alle. Alltid. Kristian Tolonen, analysesjef i NRK, vil fortelje oss om publikum sett frå Marienlyst.
Noen som har meistra å sjå på publikum utan fordomar er Arts Council England. Dei har analysert og delt inn det engelske folket i 13 hovudgrupper. Seniorrådgjevar James Doeser frå Arts Council England, som har arbeidd med rapporten ”Arts audiences: insight” fortel om korleis og kvifor dette er eit effektivt verktøy for å nå nye grupper.
Frå Nederland kjem programsjef Maarten Rovers frå kultursenteret RASA og fortel korleis dei arbeider med ulik kommunikasjon til forskjellige publikumsgrupper. RASA presenterer musikk og dans frå heile verda.
Siste del av konferansen er vigd publikum og den framtidige kulturpolitikken. Anne Enger, leiar av kulturutgreiinga 2014, som skal formulere viktige utfordringar kulturpolitikken står overfor i åra som kjem, inviterer oss til å komme med innspel.
Direktør i MIC og redaktør av artikkelsamlinga ”Om publikumsutvikling”, Kristin Danielsen, vil leie samtalar og spørsmålsrundar med bl.a. Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen, Siren Sundland, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest, Georg Arnestad, seniorrådgjevar/kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Programleiar er Harm-Christian Tolden, direktør i Norsk publikumsutvikling.
Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest og Norsk Publikumsutvikling. Konferansen er støtta av VRAK.