Akkreditering

Akkreditering til Førdefestivalen skjer etter søknad. Siste frist for å søkje om akkreditering er 25. juni. Pet er alltid ein fordel å vere tidleg ute, mellom anna med tanke på hotellovernatting. Bruk akkrediteringsskjemaet

Pressefoto i Dropbox

Pressefoto vert gjort tilgjengeleg gjennom Dropbox, både i før, under og etter festivalen. Ta kontakt med kommunikasjonssjef Torill Faleide, for å få tilgang. NB! Hugs at du kopierer bileta frå dropboxen, slik at andre også kan få nytta dei. 

Festivalen vil ha fleire profesjonelle fotografar i aksjon under festivalen, som syter for aktuelle bilete frå alt som skjer på festivalen. Det vil også vere mogleg å gjere avtalar med fotografane dersom det er ønskjeleg. Vi legg inn kontaktinformasjon når det nærmar seg.

Pressebrief under festivalen

Førdefestivalen har pressebrief på føremiddagen fredag, laurdag og søndag under festivalen. Dette er eit fast møtepunkt for både utanlandsk og norsk presse som er tilstades. Nærmare informasjon om tidspunkt og stad for møtet vil ligge i pressemappene. 

Pressemapper

Pressemapper og akkreditering må hentast på billettkontoret i Førdehuset. Mappene vil vere klare til henting frå onsdag 4. juli kl 12.00.

    Fristar

    25. juni - er siste frist for å søkje akkreditering til Førdefestivalen 2012.

    Bruk akkrediteringsskjemaet.

    Pressekontakt

    Kontaktperson for presse: 

    Torill Faleide, mobil 90738527 | torill.faleide (at) fordefestival.no