HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar.
Her er oversikt over Kronprinsessa sine beskyttarskap.
Medlemsorganisasjonar
Norske Festivaler
EFWMF- European Forum of Worldwide Music Festival
Opplevingar for livet!
Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1990.
Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane, men festivalen har òg samarbeid med med andre kulturinstitusjonar, hotell og kyrkjer om arrangement under festivalen. Den vakre Vestlandsnaturen dannar ei unik ramme om festivalen.
Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda. Vi ynskjer å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikk-kulturar og -tradisjonar som finst på kloden vår.
Musikalsk kvalitet - nye musikkopplevingar
Festivalen søker å engasjere dei beste utøvarane innan verdas mange musikkulturar og musikk-uttrykk. Festivalen er kjent for eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum, og går ikkje alltid den breie vegen når det gjeld val av musikarar.
Festivalen vil gjerne gje tilhøyraren nye musikkopplevingar. Mange musikktradisjonar og musikarar har blitt presentert for fyrste gong i Norge frå festivalscena i Førde. Men også folkemusikktradisjonar som er kjende og kjære for folk flest har sin plass på Førde-festivalen.
Den norske folkemusikken er ein stor og naturleg del av festivalprogrammet, og festivalen legg særskilt vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar.
Det vert òg lagt stor vekt på at musikarane skal ha eit godt opphald i Norge og Førde. God artistservice er eitt av festivalens varemerke.
Festivalen fokuserer på utvalde tema kvart år og innanfor temaet presenterer vi 3-5 artistar
1990: Aust-Europa
1991: Urbefolkning og minoritetar
1992: Afrikanske røter
1993: Sigøynarmusikk
1994: Det fjerne Østen
1995: Musikk ved Middelhavet
1996: Sør for Sahara
1997: Latin-Amerika
1998: Europeiske minoritetar
1999: Musikk ved Svartehavet
2000: Den Keltiske Familie
2001: Musikk langs Silkevegen
2002: Frå fado til flamenco
2003: Europeiske stemmer
2004: Saludos del Caribe!
2005: Klangar frå Det kaspiske hav
2006: Brasil! Brasil!!
2007: Émotions françaises
2008: Dialogue
2009: World Voices
2010: FRIDOM og undertrykking
2011: Women's World
2012: Coexistence - Sameksistens
2013: Musikk & Natur
Ca 30 000 programbesøk
Ca 90 programpunkt
Ca 250 artistar frå 20-25 land
Ca 8 mill. kr årleg omsetning
4000 musikarar frå heile verda har hatt stått på scena i Førde i løpet av dei 21 åra festivalen har eksistert.
Adminstrasjon: Direktør, økonomi -og administrasjonssjef, marknadssjef, arrangementssjef, produsent og kontormedarbeidar / billettansvarleg.
Organisasjon
Festivalen er ei stifting med ideelt føremål. Vertskommune, fylkeskommune, frivillige organisasjonar og næringslivet er stiftingsmedlemer. Festivalen har 4,5 årsverk. 350 frivillige legg ned over 3500 dugnadstimar kvart år for festivalen. Festivalen er medlem av nasjonale, europeiske og verdsomspennande nettverk innan verdsmusikk/ etnisk musikk, m.a. Norske Festivaler, European Forum of Worldwide Music Festivals og Freemuse.
Festivalen ein av elleve musikkfestivalar i Noreg med status som knutepunktinstitusjon.