Festivalkontoret
Festivalkontoret ligg i kjellaren i Førdehuset, og ein stor stab handterer billettsalg, sentralbord og publikumsinformasjon i heile festivalveka. Denne gruppa er i direkte kontakt med publikum. Det er difor viktig at dei som er med i denne gruppa kan informere publikum om festivalprogrammet med ei serviceorientert innstilling.
Billettsalg og sentralbord
Vi nyttar Billettservice sitt billettsystem og det blir gjeve opplæring i dette i forkant av festivalveka, både for dei som er nye og for dei som treng ei oppfrisking.
Informasjonsskranken
Her kan publikum få informasjon om konsertar, bussar og anna, melde seg på kurs og kjøpe ulike festivalartiklar.
Bortearenaer
Det er mange konsertar som skjer utanfor Førdehuset, og her er det behov for billettseljarar og -kontrollørar.
Salgsbod
Vi har boder der det blir selt festivalartiklar og delt ut programhefte. Her kan publikum og få informasjon om festivalen, programmet og konsertstader m.m.
Funksjonæropplæring i veke 26, måndag – fredag kl. 18:00 – 20:00, som funksjonær på Festivalkontoret må du stille til opplæring ein av desse kveldane.
Opningstider i festivalveka
Måndag 1. juli - onsdag 3. juli kl. 09.00 - 20.00
Torsdag 4.juli - laurdag 6.juli kl. 09.00 - 24.00
Sundag 7.juli kl. 10.00 - 18.00
Felles informasjonsmøte med programpresentasjon og utdeling av funksjonærantrekk tysdag 2. juli.