Frivillige

Bli med å jobbe frivillig, og opplev festivalen frå innsida!

Kvart år er 350 frivillige med på laget og våre fantastiske frivillige betyr ALT for Førdefestivalen! Den innsatsen de legg ned før, under og etter festivalen gjer at det blir ei magisk stemning i Førde som vi ynskjer å dele med heile verda. Tusen takk for at de er med på og gjere Førdefestivalen til det eventyret den er!

Kvifor vere frivillig?

Fordi det er moro og du får sjå og oppleve festivalen frå eit anna perspektiv. Du vil møte ei mengd folk frå både inn- og utland, dele gleda over musikken og festivalen. Å vere frivillig er nok den beste byttehandelen du kan gjere.

Viss du vurderer å gå inn i rekkja av heroiske menneske som gjerne ofrar nokre timar eller dagar i folkemusikkens teneste, meld deg i skjemaet til høgre eller ring 57 72 19 48 for ein festivalprat. 

Yte & nyte

  • Du møter presis på vaktene dine.
  • Du får årets festival-T-skjorte som er arbeidsantrekket ditt. Når du har på deg denne representerer du Førdefestivalen. Gjer ditt for at Førdefestivalen blir ei positiv oppleving for publikum, gjestar, artistar og andre medarbeidarar.

  • Godtgjersle

    Over 4 timar
    = 1 fribillett
    Over 8 timar
    = 2 fribillettar
    Over 12 timar   = 3 fribillettar
    Over 16 timar
    = Medarbeidarpass eller 4 fribillettar
    Over 30 timar
    = Medarbeidarpass og 2 fribillettar

  • Mat på frivilligkjøkkenet når du er på jobb.
  • Opplæring
  • T-skjorte
  • 50 % rabatt på festivalartiklar
  • Frivilligfest for frivillige og artistar på Rica Sunnfjord Hotel & Spa sundag 7.juli. Gratis mat og konsert/dans.
  • Inntil 50 % rabatt på billettar til alle FolkJazzScene-arrangement elles i året.
  • Attest for utført frivillig arbeid (henvend deg til oss i etterkant av festivalen).
 

Fribillettar: Medarbeidarpass gjev fri adgang til alle konsertar under festivalen, så lenge det er ledige plassar. Vi gjer merksame på at det også i år er nokre unntak frå fribillettordninga, og ein må her kjøpe billett for å kome inn. Dette gjeld  dei 3 "Morgonstund har gull i munn"-arrangementa, "Ungarsk kveld med Söndörgö" 4. juli kl 22.00, "Ottar Kåsa ved midnatt" 4. juli kl 24.00, "Rustavi Ensemble" 6. juli kl 11.30 og "Mat, musikk og vin" 6. juli kl 18.00. 

Programpresentasjon og orienteringsmøte for alle frivillige tysdag 2. juli i Førdehuset. Det blir sendt ut innkalling på epost.

 

Kva kan eg gjere?

Artistservice 

 Alt som har med artistane å gjere. Det kan vere alt frå å køyre artistbuss, vere artistkontakt eller jobbe i artistserviceskranken. Kort sagt, gjere opphaldet i Førde til ei oppleving for artistane som kjem.

 

Festivalkontor

Er du god med pengar? Likar du å snakke med folk? Dersom du har lyst til å selje billettar, ta imot kurspåmeldingar, informere publikum om kva som skjer og snakke i telefonen, då tek Fride i mot deg med opne armar. Her får du eigne opplæringskveldar i kasseapparat, billettsystem og telefonbruk.

 

Frivilligkjøken

Frivilligkjøkkenet er ope for alle frivillige som er på jobb, og stemninga er alltid god. Backstage- og idrettshallansvarleg syter for handkle, vatn og snacks til artistar og andre ansvarlege. Spreier mykje glede.

 

Konsertarena

 Du kan vere arenaansvarleg, vere med på sceneproduksjon, rigg, vakt eller om du er kunstnarleg av deg er blomster-/dekorgruppa absolutt oppgåva for deg.

 

Marknadsføring 

 

Dersom du blir med på distribusjon av brosjyrer og hengje opp plakatar er du ferdig med vaktene dine før Festivalen tek til. Er du god på IT kan du få ansvar for oppdateringar på web og sosiale medier under festivalveka. Dersom du vil vere banneransvarleg fartar du rundt under festivalen og sørgjer for reklamering av Festivalen. Det er behov for frivillige både med og utan førarkort til desse oppgåvene.

 

Vertskap

Dersom du har eit blendande smil eller er fantastisk på orientering kan du passe til å vere med på mottakinga på Rica, vise folk til seta sine i Idrettshallen, ta imot kursdeltakarar eller vere med i solskinspatruljen og spreie trivsel blant medarbeidarane.

 

Uansett kva du har lyst til å jobbe med, ynskjer vi at du tek minimum 2 vakter.

 

 




Kontaktinfo

Arrangementssjef
Sølvi Lien
solvi.lien (alfa) fordefestival.no
Tlf 57 72 19 40 / 57 72 19 49

Artistservice
Ingebjørg Nomeland
produsent (alfa) fordefestival.no
Tlf  57 72 19 40 / 57 72 19 48

Ansvarleg Festivalkontor
Fride H. Haugen
fride.haugen (alfa) fordefestival.no
Tlf 57 72 19 40 / 57 72 19 43

Søknadsskjema frivillige