Utstyrt med kamera, ei skinnbok og ein Land Rover, køyrde fotografen Tom Hatlestad i 2008 frå Norge til Bangladesh, ei reise på 14 700 km som gjekk gjennom Aust-Europa og Midt-Austen. På vegen fotograferte han menneske og spurde dei kva dei legg i ordet fridom. Svara skreiv dei i ei skinnbok, på sitt eige morsmål og skriftspråk.
Då Hatlestad nådde reisemålet sitt i Bangladesh, hadde han ein serie portrettfoto teke over same mal , og ein omfattande dokumentasjon av omgrepet fridom, samla frå ei rekkje land og alle samfunnslag.
Prosjektet har vore presentert gjennom to utstillingar i Dhaka, Bangladesh og Kathmandu, Nepal. Førdefestivalen er stolte over å vere vert for den første utstillinga i Norge, før prosjektet skal presenterast på Rådhusplassen i Oslo i samarbeid med Nobels Fredssenter.
Tom Hatlestad starta fotokarrieren si som journalist og fotograf i VG. Seinare har han samarbeidd med kjende fotografar som Morten Krogvold og Johan Brun om ei rekkje fotoverkstader og oppdrag over heile verda.
Utstillinga vert opna av fotograf Oddleiv Apneseth torsdag 8. juli kl 11.30 og blir hengande under heile festivalen.
www.freedomtrack.no