Det var heime i den vesle landsbyen i Kamerun at han utvikla sin eigen sound, og bestemte seg for å satse på musikk. Han reiste til Paris der han spelte i ulike grupper og gav ut fleire album. Den fyrste soloplata hans, ”Léman” (spegel på Bassa) kom ut i 2009. Albumet vart spelt inn i Salif Keitas studio i Bamako og i Paris, og fekk svært gode kritikkar.
Blick Bassys internasjonale karriere skyt fart, men Blick held fast på å bruke morsmålet Bassa i songane sine. Elles er han redd det skal døy ut. Han er oppteken av Afrika sine språk og historie, og oppmodar unge afrikanarar om å ta vare på tradisjonane før det er for seint.
Musikalsk tek Blick Bassy utgangspunkt i den sentral- og vest-afrikanske musikktradisjonen og krydrar det heile med soul og sambarytmar, noko som resulterer i ein svært personleg stil. Det er fengande, melodiøst og dansbart - og absolutt uimotståeleg!
“The talented singer songwriter Blick Bassy (Cameroon) has a soft intoxicating voice that reminds us of the voice of compatriot Richard Bona. Bassy sings with a lot of soul.”
NRC Handelsblad
www.myspace.com/blickbassy2
Blick Bassy vokal, gitar |Guimba Kouyate gitar |Alune Wade bass , vokal |Jon Grandcamp perkusjon