Mange vil freiste å fi nne henne, men alt dei leitar og ropar, så er og blir prinsessa borte. Ein dag kjem ein ung soldat til kongsgarden. Kongen gjev han løyve til å leite etter prinsessa, og soldaten legg ut på ei ferd som er både farefull og eventyrleg. Undervegs får han hjelp av vesen med magiske krefter!
Dette musikalske forteljarteatret byggjer på eventyret om dei tre kongsdøtrene i berget det blå. Historia
speglar sider av menneska som alle kan kjenne seg att i, og byr på både uventa vendingar og spennande
overraskingar.
Produksjonen er eit samarbeid med Gloppen Musikkfest, og har urpremiere under Førdefestivalen.
Ingrid Anne Ytri skodespelar | Trygve Ramnefjell skodespelar | Gro Marie Svidal skodespelar, musikk | Mette Brantzeg regi | Solveig Fuglesøy kostyme,
Kr 170/50. Med festivalpass kr 100/50.