Søk

Du er her: Førdefestivalen 2010  »  Artist/nyhende

Jyotsna Shouries Dance Centre

Jyotsna Shourie's Dance Centre

Den heilage byen Varanasi har i fl eire tusen år vore eit sentrum for religiøse ritual, og kvart år strøymer hinduar til byen for å fri seg frå livet si uuthaldelege evigheit.

VARANASI - A GATEWAY TO ETERNITY
Dato:      Laurdag 10. juli Arena:    Teatersalen, FH

Klokka:   13.30-14.30

Pris:        170/100/50

Billett:     Kjøp billett her

Jyotsna Shourie er ein internasjonalt kjend dansar og koreograf som har spesialisert seg på Bharata Natyam, ein av dei eldste stilane innan indisk klassisk dans. Dei store variasjonane i dansen sine poseringar og den balanserte miksen av rytmikk og mimikk, har gjort den svært populær i eksperimentell koreografi.    

Shourie starta å gå i lære allereie som lita jente, og i 1990 starta ho sitt eige danseakademi der ho i dag har over 50 studentar. Fleire av desse kjem no til Førde for å vise fram klassisk indisk dans av ypparste klasse, mellom anna i den audiovisuelle framsyninga Varanasi – a Gateway to Eternity, koreografert av Shourie sjølv.

Den heilage byen Varanasi har i fleire tusen år vore eit sentrum for religiøse ritual, og kvart år strøymer hinduar til byen for å fri seg frå den endelause æva som reinkarnasjonen presenterer. På same tid er Varanasi ein by som verkeleg feirar musikken, dansen og livet til det fulle. Framsyninga er rørande, fargerik, og elegant til fingerspissane.

Blant musikarane som følgjer dansetroppen er den legendariske indiske songaren Arun. Han blir rekna for å vere sjølve meisteren av den sørindiske Karnataka-stilen, og den energiske og sonoriske stemma hans har gjeve han fleire store prisar og utmerkingar.

www.indiandancecentre.org
www.osarun.com

Nandita Kalaan dans | Aneesha Grover dans | Nitya Vaishnavi Singh dans | Shradha Bisht dans | Ishita Matharu dans | Jyotsna Shourie nattuvangam og koreografi| O.S. Arun vokal og musikk| Chander Shekar mridangam | G. Raghuraman fløyte |

Spelar også:

SOMMARNATT PÅ JØLSTER

Dato:      Torsdag 8. juli                   

Arena:    Jølstramuseet, Vassenden

Klokka:  23.00-02.00

Pris:       

Billett:    Kjøp billett her

Buss frå Førdehuset 22.15, retur etter konserten. Sal av mat og drikke.

KURS: Indisk klassisk dans (Bharata Natyam trad.)

Dato:      Fredag 9. juli

Klokka:  10.00-13.00

VARANASI – A GATEWAY TO ETERNITY

Dato:      Laurdag 10. juli

Arena:    Teatersalen, Førdehuset

Klokka:  13.30-14.30

Pris:        Kr 170/50. Med festivalpass kr 100/50

Billett:    Kjøp billett her

FOLKEMUSIKKGALLA

Dato:      Laurdag 10. juli             

Arena:     Idrettshallen                                     

Klokka:  20.00-21.30

  Kommentarar

Tilbake

Del:           

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - Postboks 395, 6801 Førde   |   E-post   |   Logg inn