Search

Du er her: Førdefestivalen 2010  »  Artist/nyhende

FiolMinisteriet

FiolMinisteriet

Smukke songar og vakre melodiar servert av dansk kvinnetrekløver.

FIOL MINISTERIET
Dato:      Søndag 11. juli Arena:    Rytne Gard, Bygstad

Klokka:   12.00-13.30

Pris:        200 / 120 / 50

Billett:     Kjøp billett her

Dei tre musikarane i FiolMinisteriet har skapt sitt eige musikalske univers ved å ta den klassiske kombinasjonen av strykeinstrument med seg inn i folkemusikkverda, og dei serverer intense og energiske tolkingar av vakre danske melodiar og songar. Eit meisterleg møte mellom tre garva og kritikarroste kvinnelege musikarar!

Felespelaren Kristine Sand har fått lære den tradisjonelle danske folkemusikken av Fanø-spelemannen Peter Uhrbrand. Gjennom å samarbeide med musikarar frå dei britiske øyar, har ho også fått augene opp for den skotske folkemusikken. Og ho har lært av den kjende shetlanske felespelaren Catriona MacDonald. I 2007 gav Sand ut den kritikarroste debutplata Det dansende par, og vart med denne nominert til to prisar på Danish Music Award.

Ditte Fromseier er ein allsidig instrumentalist som har fordjupa seg i både dansk og irsk folkemusikk. Ho gav ut sitt første soloalbum i 2004, og har også gjeve ut album og medverka i grupper som Folkbits, Habbadam, og Gryr.

Kirstine Elise Pedersen er utdanna klassisk cellist, men er ein allsidig musikar som spelar i mange ulike ensemble innan fleire sjangarar, mellom anna i Harald Haugaard Band og Helene Blum Kvartet.

“De tre unge danske kvinder formår at fange det talrige publikums opmærksomhed allerede da de første toner lyder fra scenen… I disse er trioens flotte, præcise sammenspil en fryd for ørerne (og øjnene for den sags skyld)……. alt bliver til en fornøjelig og spændende oplevelse…”
Flensborg Avis

www.myspace.com/fiolministeriet

Kirstine Sand fele, bratsj | Ditte Fromseier fele, bratsj, gitar, vokal | Kirstine Elise Pedersen cello

Spelar også:

FIOLMINISTERIET

Dato:       Laurdag 10. juli

Arena:    Haarklousalen, Gamlebanken,

Klokka:   16.30-17.30

Pris:        200/ 120 / 50

Billett:    Kjøp billett her

Buss frå Førdehuset 11.15, retur etter konserten. Sal av mat og drikke.  Konserten blir flytta innandørs dersom dårleg vér.

These three performers have managed to create a musical universe of their own by bringing the classical combination of string instruments into the world of folk music. Fiol Ministeriet offer a selection of intense and energetic interpretations of beautiful Danish melodies and songs. A stunning encounter between three highly skilled and acclaimed female performers.

  Comments

Return

Del:           

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - Postboks 395, 6801 Førde   |   E-post   |   Login