Søk

Du er her: Førdefestivalen 2010  »  Artist/nyhende

The Kamkars

The Kamkars

Familieensemblet The Kamkars er rekna for å vere mellom dei aller fremste kurdiske musikarane i dag. Ensemblet vart grunnlagt i 1965 i Sanandaj i det vestlege Irak, men har i dag base i Teheran.

Dato:      8 juli, 9 juli Arena:    Kinosalen, Førdehuset

Klokka:   18.30-19.30

Pris:        170/100/50

Billett:     Kjøp billett her

Dei åtte søskena er virtuose songarar, instrumentalistar og komponistar som framfører intrikate og vakre tolkingar av tradisjonell kurdisk og persisk musikk. Det rike repertoaret deira speglar den eldgamle kurdiske kulturen. På same tid let dei seg også inspirere av andre musikkformer frå Midtausten og Vesten.Familieensemblet har ei heilt unik og felles forståing for den modale musikken, noko som fører til eit imponerande trøkk og driv.

Dei briljerer med presisjon og balanse mellom instrumenta, og skapar ein kompleks musikalsk struktur som base for den ekstatiske songen. The Kamkars har gjeve ut heile 26 album, og hatt omfattande musikalske samarbeid med mellom andre London Symphonic Orchestra. I 2003 spelte dei på Nobelkonserten i Oslo i samband med utdelinga av Nobels fredspris til Shirin Ebadi, verdas første muslimske kvinne til å motta denne prisen.

“They deserve an audience that stretches far beyond Iran and the Kurdish diaspora.”
The Guardian

www.kamkars.net

Hooshang Kamgar vokal | Bijan Kamkar vokal, tar, rubab, tombak, dohol, daf | Pashang Kamgar santur | Ghashang Kamgar setar | Arjang Kamgar tonbak | Arsalan Kamkar barbat, oud, fiolin | Ardeshir Kamkar kamancheh, ghaychak | Ardavan Kamgar santur | Saba Kamgar vokal | Maryam Ebrahim Pour vokal | Neiriz Kamkar tar

Kr 170/50. Med festivalpass kr 100/50.

  Kommentarar

Tilbake

Del:           

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - Postboks 395, 6801 Førde   |   E-post   |   Logg inn