Førdefestivalen 4.-7. juli 2013 

Salsstart 4. april: Kjøp billettar og festivalpass på Billettservice.no  ( tlf. 815 33 133 ), Posten og hos Narvesen og 7-Eleven. Hentefrist er 3 dagar frå tingingsdato.

 

Frå måndag 1. juli kan du tinge/ hente / kjøpe billettar på Festivalkontoret i Førdehuset. Tlf 57 72 19 40.

Merk: Hentefristen er då 1 time innan konsertstart. 

Billettprisar: Sjå program / brosjyre.

Forklaringar til billettprisar i program / brosjyre:

Døme 1:  Opningskonsert  (Idrettshallen, torsdag 4. juli) - 310 (ordinær pris vaksen, unummerert) / - (inkludert i festivalpasset; unummerert) / 50 (barnebillett, unummerert)

Døme 2:  Festivalnatt (Rica, laurdag 6. juli) - 330 (ordinærpris, vaksen) / 190 (pris med Festivalpass, vaksen) / 50 (pris med Studentpass)

 

Idrettshallen, Førdehuset - nummererte felt på golvplan:

Felt A - i midten frå hovudinngang; Felt B - til høgre frå hovudinngang, og Felt C - til venstre frå hovudinngang. Ein må ha plassbillett for å sitte på desse områda.

Oppgitt ordinærpris i program/brosjyre er for unummererte plassar på tribune og galleri. Pristillegg for plassbillett er kr 40,-

Alle andre konsertsalar har kun unummererte plassar. Innslepp til konsertane er 1/2 time før konsertstart.

Alle billettprisar er inkludert serviceavgift. Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Følgjekort

Fritt tilgjenge/ fribillett for følgjeperson til funksjonshemma/ rullestolbrukar. Gyldig følgjekort må visast ved billettkjøp,.Fribillett til følgjeperson kan bestillast ved å ringje Festivalkontoret på tlf 57 72 19 40. Det er kun Festivalkontoret som kan skrive ut fribillettar.

Konsertar utanfor Førde

Det vert sett opp busstransport til og frå konsertar utanfor Førde. Bussavgang utanfor Førdehuset; bussbillett er inkludert i konsertbilletten.

Medlems- og abonnentrabattar

BT-abonnentar kan kjøpe inntil 2 stk Festivalpass vaksen til rabattpris. Gyldig BT-kort må visast. 

DNT-medlemmer kan kjøpe 1 stk Festivalpass vaksen, 1 stk Ungdom/Studentpass eller 1 stk Barnepass til rabattpris. Gyldig medlemskort må visast.