Ragnhild Furebotten

Ragnhild Furebotten Never on a Sunday

 

Ragnhild Furebotten

Årets Spellemann!

Felespelaren Ragnhild Furebotten har i prosjektet Never on a Sunday med seg landets beste blåserrekke. To av Norges fremste jazzkomponistar, Geir Lysne og Helge Sunde, inngår i ensemblet. Dei har skrive arrangementa som ensemblet tek utgangspunkt i når de legg ut på sitt kreative tokt i Ragnhild sitt musikalske univers av eigne slåttar og nordnorsk folkemusikk.

Ragnhild Furebotten er framfor alt vorte kjent som tolkar og formidlar av den nordnorske folkemusikken, og er ein av få profesjonelle folkemusikarar frå landsdelen. Hun har ellers vore involvert i ei rekkje sentrale folkemusikkprosjekt det siste tiåret, der Majorstuen, Fotefar og Hekla Stålstrenga bare er nokre av stikkorda.Ho gav ut sitt første soloalbum, Endelig vals, i 2007, der ho hadde med seg Gjermund Larsen og Frode Haltli.

I januar i år vann Ragnhild Furebotten Spellemann for Never on a Sunday, som hadde premiere på Kalottspel i august 2010. Då ho vart tildelt Arvid Hanssen-prisen for unge kunstnarar i 2006, sa juryen dette. Vi kan i den forbindelse gjøre juryens ord til våre: ”Ragnhild er en tradisjonsbærer med sterke nytenkende element. Intensitet, virtuositet og musikalsk nerve preger hennes uttrykk.”

Ragnhild Furebotten er også ein av artistane du kan høyre på Sommarnatt i Jølster, etter opningskonserten torsdag kveld. Dette er akustiske konsertar i det vesle formatet; intime gamle stover med god atmosfære. 

Ragnhild Furebotten fele | Helge Sunde  trombone | Geir Lysne  trompet | Marius Haltli  trompet |  Frode Nymo  saksofonar Echard Baur saksofonar | Lars Andreas Haug  tuba

www.furebotten.com