Fleire kongelege i Førde
H.M. Dronning Sonja er reist frå Førdefestivalen, men du kan framleis møte mange konglege under festivalen. Lørdag kl. 1330 er det urpremiere på barneframsyninga I Berget det Blå, der det er både konge og prinsesser.
I Berget det Blå er ei barneframsyning som handlar om ei vakker prisesse som har kome bort frå kongen og dronninga. Mange vil freista å finne henne, men alt dei leitar og ropar, så er og blir prinsessa borte. Så ein dag kjem ein ung soldat til kongsgarden...
Dette musikalske forteljarteateret byggjer på eventyret om dei tre kongsdøtrene i berget det blå. Historia speglar sider av menneska som alle kan kjenne seg att i, og byr på både uventa vendingar og spanande overraskingar.
Produksjonen er eit samarbeid med Gloppen Musikkfest. Skodespelarar er Ingrid Anne YTri, Trygve Ramnefjell og Gro Marie Svidal. Mette Brantzeg regi, Solveig Fuglesøy kostyme, masker.
Tilbake
|