Tom Remlov til Førdekonferansen
Opera og halling dei nye kulturnæringane i Norge? - Opera og halling er i vinden som aldri før. Er det ein innovativ operadirektør og ein FRIKAR-gründar med Grand Prix suksess som skal redde norsk kulturnæring? Som innleiarar på Førdekonferansen 8.-9. juli, vil dei komme med sine innspel om innovasjon i kunst og kunstformidling, og korleis vi skal skape ei levande kulturnæring i Norge.
Kan vi læra av Skottland?
Deltakarane på kulturkonferansen vil få mange gode døme på vellukka kultursatsing. Ian Smith frå Scottish Arts Council fortel om korleis Skottland har klart å bygge opp si kulturnæring. Det finst norske suksesshistorier også: Pikene på Broen er eit kunstprosjekt som byggjer bruer over landegrenser og sjangrar. Prosjektleiar Evgenia Egorova frå Murmansk bur i Kirkenes. Ho kjem til Førdekonferansen.
Frå to til 52 tilsette på Jærmuseet – kva skjedde?
Etnolog Målfrid Snørteland har leia Jærmuseet frå 1986. Dei to tilsette har vorte 52 i talet. Museet er i dag eit regionalt vitensenter som vart kåra til beste museum i 2009, og vart tildelt The Micheletti Award som beste teknologimuseum i Europa. Kva er suksessfaktorane?
- Du kan drepe musikaren, men ikkje musikken
er tittelen på Ole Reitov frå Freemuse sitt innlegg. Freemuse er ein internasjonal organisasjon som arbeider for musikarar sin ytringsfridom, og Reitov vil gje døme på korleis musikken har kraft og fungerer som overlevingsstrategi. Gerald Seligman, tidlegare direktør for verdsmusikkmessa Womex og med 8 år bak seg i plateselskapet EMI, deler sine tankar om det å arbeide med sjangrar som er på utsida mainstream.
Statlege verkemiddel
Arnfinn Bjerkestrand er i vinden som leiar av festivalutvalget i Norsk Kulturråd. I Førde er han med og ser på verkemiddelapparatet og korleis myndigheitene stør opp om kulturnæringane og byggjer opp under utvikling av kreative kulturnæringar.
Dei andre innleiarane på konferansen er fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim; seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Anne Øvrebø; direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. Kulturforskar og avdelingsdirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, leiar kultursamtalen fredag på konferansen. Her deltek også kulturredaktør i Dagsavisen, Mode Steinkjer.
Dei som står bak konferansen er Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Innovasjon Norge, Førde kommune og Førdefestivalen
Tilbake
|