Grøn buss

Grøn buss

 

Programslepp 2012

to 22 mar 2012

29. mars kl. 12.00 på Pikant i Førde

Torsdag 29. mars inviterer festivalen til programslepp og kulturlunsj på Pikant i Førde. I tillegg til suppa som festivalen spanderer, får du førstehandskjennskap til konsertar og artistar som er klare for Førdefestivalen 2012. Ein yr og spent festivaldirektør vil guide deg gjennom den heilt ferske festivalbrosjyren, og gje gode tips om kvar og når du helst bør vere 5.-8. juli i år! 

Om du kjem på PIkant får du vite kva bussen på biletet har med festivalprogrammet i år å gjere. Og vi har til og med litt levande musikk på lur! 

Velkommen skal du vere!