Ein hjarteopnar for norsk folkemusikk
fr 06 jul 2012
Kulturministeren opna Førdefestivalen
Kulturminister Anniken Huitfelt opna den 23. Førdefestivalen ved å takke direktør Hilde Bjørkum for alt ho har gjort for folkemusikken gjennom arbeidet med festivalen i Førde. Ho trekte fram den store dugnadsånda, festivalen sin fantastiske posisjon internasjonalt, profesjonaliteten og motet til å tenkje annleis. -Førdefestivalen er ein hjarteopnar for norsk folkemusikk, sa Huitfeldt. Og ingen i salen kunne trekkje orda hennar i tvil.
På opningskonserten fekk publikum høyre Yasmin Levy frå Israel, verdas fremste eksponent for sefardisk musikk, saman med The Nordic Fiddlers’ Bloc, Renata Rosa, The Other Europeans, og ikkje minst The Musicians of the Nile – eller med konferansier Gabriel Fliflet si frie omsetjing, «Nildalens spelemannslag».
I løpet av første dag på festivalen har musikarar frå Spania, Israel, Brasil, India, Hellas, Bulgaria, Egypt, Shetland, Sverige, Kina og Norge vore i aksjon, dei aller fleste av dei døme på festivalen sitt tema, sameksistens. Gjennom dette temaet ønskjer festivalen å vise at flotte musikktradisjonar har vokst fram nettopp som resultat av fredeleg sameksistens mellom menneske og kulturar.
God deltaking på Førdekonferansen
Inn med publikum – ut med fordomane, var tittelen på Førdekonferansen 2012 som gjekk av stabelen rett før opningskonserten med nesten 100 deltakarar. Konferansen tok opp utfordringar og barrierar i publikumsarbeidet og vart arrangert i samarbeid med Norsk Publikumsutvikling.
Festivalen tek heile Førde i bruk
I løpet av dei tre neste dagane skal Førdefestivalen lose publikum gjennom over 80 små og store festivalarrangement, på 30 scener i og rundt Førde. Det vert musikk ute, inne, på fjelltoppar, i kulturhus, i lavvoar, kunstgalleri, i kyrkja og ute i gatene. Første dag av Førdefestivalen vart akkurat så strålande som alle festivalarrangørar drøymer om. Og det beste av alt, er at vergudane er i skikkeleg godlage og velsignar Førde med temperaturar dei ikkje har sett maken til i heile sommar.