For ei oppleving!

on 25 apr 2012

Reisebrev frå Talent 2011

Det er snart eitt år sidan dei unge folkemusikarane frå Noreg, Tyrkia og Serbia møttest for første gong under Førdefestivalen. No har dei nett møtt kvarandre att, denne gongen i Serbia. Les Sigrid Kjetilsdotter Jore sitt reisebrev her:

"Eg gjekk frå å skulle til Beograd for å spele i lag med nokre musikarar eg så vidt vart kjend med på Førdefestivalen i fjor, til å reise ifrå vener eg vonar å kunne halde på livet ut. Det har vore ei reise i musikk og kultur, eg har opplevd så mykje spanande! Eg har fått innblikk i musikalske tradisjonar som på mange måtar er ulik min eigen, tyrkisk og serbisk.

Det har vore både morosamt og interessant å tilnærme seg andre ideal enn dei eg har sjølv, alt ifrå tyrkisk frasering til kvar serbarane plasserar ”krullinga” si i songen. Men samstundes har eg vorte meir medviten om min eigen tradisjon og mine eigne særtrekk.

Enklare enn vi trudde

Sjølve prosessen med å smelte saman dei tre ulike musikalske språka har gått lettare enn det eg hadde trudd på førehand. Den fyrste medleyen hadde me vel eigentleg på plass kvelden FØR den fyrste offisielle øvinga! Det har vore time etter time med øving, litt stemming, latter, ordforklaringar, seine nattetimar og tidlege morgonar som endte opp i ein konsert i kulturhuset Palilula med ei stemning både på scena og i salen eg seint kjem til å gløyme.

På konserten var me så heldige å få med oss tre fantastiske gjestemusikarar: Natasa Tasic Knezevic (sopran), Marko Markovic (trompet) og Vasil Hadzimanov (piano). Det var ei ære for oss alle saman å få spele i lag med dei!

På elverestaurant

I tillegg til alle dei musikalske opplevingane er det òg mykje anna som har gjort inntrykk. Me har site på ein flytande cafè på Donau og skåla på våre tre respektive språk med meir eller mindre rett uttale, me har ete trerettars middag i residensen hjå den norske ambassadøren, og me har vore på vinsmaking hjå ein lokal vin- og honningprodusent, berre for å nemne noko.

For meg var nok den mest spesielle opplevinga å få treffe og kjenne gleda og hjartevarmen frå ungane i barnelandsbyen til SOS barnebyer utanfor Novi Sad. Besøket hos SOS barnebyer i Novi Sad gjorde sterkt inntrykk.

Eg har fått så mange nye fine minne, gode vener, ny lærdom - og inspirasjon. Hovudet mitt boblar over av balkanske akkordprogresjonar og tyrkiske skalaer i kombinasjon med slåttestev frå Setesdal. Sjølv om eg sit på flyet heim no, har den musikalske reisa nett starta.

Sigrid Kjetilsdotter Jore"