Då er vi igang!
to 05 jul 2012
Mykje folk var med på starten i sentrum
Den 23. Førdefestivalen er i gang, og mykje folk samla seg ved Torgscena i sentrum. Her har det vore dansa halling, og The Nordic Fiddler's bloc har vore i elden. Det same har Ellika 7 Solo / Rafael og Apsilies, saman med Renata Rosa og Shunsuke Kimura og Etsuro Uno frå Japan. I alt har artistar frå 10 land stått på scena i løpet av nokre timar - og gjeve opptakten til flotte festivaldagar.
Og flott blir det. Vêrgudane er i godlune, og velsignar oss med varme dei neste dagane. Festivalleiinga har lagt alle alternative planar vekk. I år ser det ut som alle arrangement som er planlagde ute, kan gå ute!.