–Dette er sjølvsagt ei svært hyggeleg melding for oss, og vi ser med glede fram til å vere vertskap for Dronninga når ho kjem til Førde. Mange vil hugse at Dronninga vart forhindra frå sitt planlagde besøk på jubileumsfestivalen vår i 2009 av helsemessige årsaker, så det er ekstra kjekt å kunne ønskje H. M. Dronning Sonja velkommen tilbake til festivalen, seier direktør Hilde Bjørkum.
H. M. Dronning Sonja er Førdefestivalen sin høge beskyttar, og vitja Førde for første gong då ho opna festivalen i 2004.
Fridom og undertrykking
Fridom og undertrykking er tema på årets festival, og opningskonserten blir ein festkveld der vi hyllar musikarar som ikkje let seg kneble. Vi feirar musikken si enorme kraft og overlevingsevne. Artistane som opptrer er Aurelio Martinez (Honduras), The Kamkars (Iran/Kurdistan), Kroke (Polen), Malouma (Mauritania), Amal Murkus (Israel/Palestina), Lars-Ánte Kuhmunen Band (Sverige/Sapmi) og London Uyghur Ensemble (Kina/Kirgisistan). Konferansier er Herborg Bryn.
Førdefestivalen slepper heile programmet for festivalen tysdag 23. mars. Billettsalet startar 1. april på Billettservice.no