Søk

Du er her: Førdefestivalen 2010  »  Artist/nyhende

Music Freedom Day

3. mars er den internasjonale fridomsdagen for musikk. Det er organisasjonen Freemuse som har teke initiativ til denne dagen, og den blir markert mellom anna i Mumbay, Kabul, Kairo, New York og Gdansk. Dagen blir også markert med spesielle innslag og program på radiostasjonar rundt i verda, til dømes på Jungeltelegrafen (NRK P2).

Dato:      Arena:    

Klokka:   

Pris:       

Billett:     Kjøp billett her

Freemuse gjev også ut ei eiga plate med sensurert musikk i dag. Plata har tittelen ”Listen to the banned” og kjem ut på det norske plateselskapet Grappa. Ein av artistane på denne plata, Amal Murkus frå Palestina, blir å høyre på Førdefestivalen i juli.

På Freemuse sine sider finn du alle historiene om sensurerte musikarar, og korleis Freemuse jobbar internasjonalt for å hjelpe dei som blir utsette for overgrep pga musikken sin. Jungeltelegrafen (NRK P2) markerer dagen ved å sende eit intervju med ein av dei som er fengsla, Lapiro de Mbanga i Kamerun. Intervjuet er gjort i fengslet i Kamerun.

  Kommentarar

Tilbake

Page 2

Del:           

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - Postboks 395, 6801 Førde   |   E-post   |   Logg inn