Search

Du er her: Førdefestivalen 2010  »  Artist/nyhende

Parno Graszt

Parno Graszt

Dei siste 20 åra har Parno Grazst nærast blitt synonymt med autentisk ungarsk sigøynarmusikk.

FRÅ RAJASTHAN TIL PASZAB
Dato:      Søndag 11.juli Arena:    Idrettshallen, Førdehuset

Klokka:   15.00- 16.30

Pris:        230/-/50

Billett:     Kjøp billett her

For Parno Grazst tyder det rett og slett å vere seg sjølv, leve livet og spele musikken slik dei alltid har gjort. Dei treng ikkje kjelder for musikken sin, for dei er sjølve kjelda.

Djupt forankra i den tradisjonelle sigøynarmusikken i det nordlege Ungarn, er gruppa representantar for ein heilt unik og lokal romanitradisjon frå heimbyen Paszab. Medrivande melodiar og superraske rytmar virtuost spelt på gitar, kontrabass, tamburin, trekkspel, skeier, mjølkespann og vokalbass har skaffa dei ein stor internasjonal tilhengarskare. Stadig fleire tilhøyrarar oppdagar den enorme krafta i musikken som gjer at dei rett og slett ikkje kan stoppe å danse!

Parno Grazst sitt første album, Hit the Piano, kom ut i 2002, og med dette kom for første gong i historia eit ungarsk band inn på World Music Charts Europe. På sitt etterlengta andrealbum, In My World, hadde dei med den verdskjende cimbalom-meisteren Kalman Balogh, og i 2007 feira dei 20-årsjubileet med å sleppe albumet This World is Made for Me.

”This Hungarian gypsy troupe certainly knows how to turn a gig into a party.”
The Herald

www.myspace.com/parnograszt  

Spelar også:

COLUMBI EGG

Dato:      Fredag 9. juli

Arena:    Restaurant Hugleik, Rica Sunnfjord Hotel

Klokka:   24.00-01.30

Billett:     Kjøp billett her

FESTIVALNATT

Dato:      Laurdag 10. juli

Arena:    Barthold Bar & Festivalsalen,
Rica Sunnfjord Hotel

Klokka:  23.00-02.30

Billett:     Kjøp billett her

  Comments

Return

 Jozsef Olah vokal, gitar, tamburin | Viktor Olah vokal, gitar, dans | Sandor Horvath vokal, skeier, dans | Janos Jakocska vokal, gitar| Maria Varadi vokal, dans | Maria Balogh vokal, dans | Krisztian Olah akkordeon | Janos Olah kontrabass | Istvan Nemeth vokalbass, mjølkespann

 MySpace

Del:           

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - Postboks 395, 6801 Førde   |   E-post   |   Login