|
Fridom og undertrykking
Med temaet fridom og undertrykking set den 21. Førdefestivalen fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve.

21. Førdefestivalen fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve. Sjølv i 2010 er det nemleg slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin, og nokre av dei får vi møte på Førdefestivalen i juli.

Last ned pressemeldinga
Musikkens kraft - og sprengkraft
- Kunst og kultur er basis og kjennemerke for alle verdas sivilisasjonar, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. Difor kan kunst, ikkje minst musikk, også vere provoserande og farleg. Musikarar og einskilde musikktradisjonar har opp igjennom historia opplevd sensur, forfølging og undertrykking av politiske, religiøse eller andre grunnar. Minoritetskulturar, urfolk, musikarar som opponerer mot samfunnets makthavarar; det er mange som har kjent undertrykking på kroppen, og den foregår også i dag.
- Å få utøve sin musikk og musikktradisjon fritt er ein viktig del av ytringsfridomen, difor er det også viktig å sette fokus på dette temaet, meiner Bjørkum. -Men, dette blir ingen dyster og gravalvorleg festival, om nokon skulle frykte det! Vi vil hylle musikarar som ikkje lar seg kneble, feire musikkens enorme kraft og overlevingsevne og presentere unike musikktradisjonar som er høgst levande i dag trass i forsøk på undertrykking og utrydding. – Så, vi inviterer publikum til å nyte mangfaldet, fellesskapet, rytmane og sommaren, nett slik vi vil at det skal vere på ein internasjonal festival, seier Bjørkum.
Førdefestivalen i bresjen
I følge Ole Reitov, programdirektør i Freemuse – The world forum of music and censorship, er Førdefestivalen først ute blant musikkfestivalar med å sette særskilt fokus på dette temaet.
– Freemuse, som har hovudsete i København, gjer eit viktig dokumentasjons- og informasjonsarbeid på dette feltet, meiner Bjørkum, og vi er glade for å kunne samarbeide med dei. Om alt går etter planen, blir Ole Reitov å finne blant foredragshaldarane på årets Førdekonferanse som vert arrangert i samband med festivalen.
Festivalen samarbeider også med Grappa musikkforlag som planlegg CD-utgjevinga ”Listen to the banned” i samband med Music Freedom Day 3. mars.
Artistar frå Honduras, Iran, Palestina, Polen, Ungarn, Mauritania, Kina - og Norden.
Årets temaartistar kjem frå ulike land og verdsdelar.
Garifuna soul frå Karibia
- Ein av artistane vi gler oss stort til å presentere for publikum i Førde er Aurelio Martinez frå Honduras. Han er ein framifrå eksponent for garifunamusikken, fortel Bjørkum. Denne musikktradisjonen, som har røter frå Vest-Afrika, vart undertrykt og fordømd av misjonærar og koloniherrar, og var lenge trua med utrydding. Men dyktige musikksamlarar, framsynte produsentar og sterke musikarar tok vare på og fekk musikken fram i lyset igjen, og no gjer den seg sterkt gjeldande på den internasjonale verdsmusikkmarknaden.
Aurelio Martinez er ein av dei unge, framstormande eksponentane for garifunamusikken, og blir i dag spådd ei stor internasjonal karriere. Debut-CDen hans ”Garifuna Soul” vart kritikarrost og prisbelønt internasjonalt og publikum kan no sjå fram til hans nye utgjeving som vert sleppt i juni.
–Aurelio med si distinkte stemme og sine svingande og dansbare karibiske rytmar blir ei oppleving på festivalnatta laurdag kveld under festivalen, spår Bjørkum.
http://www.f-cat.de/Aurelio-Martinez-biografie.html.
Forutan å vere musikar, er Aurelio Martinez den første personen frå garifunasamfunnet som er valgt som representant til nasjonalkongressen i Honduras, der han m.a. er oppteken av å forsvare minoritetsbefolkninga sine rettar. Unesco erklærte i 2001 at språket, dansen og musikken i garifunakulturen er ”a Masterpiece of the Oral and Intangible Heritage of Humanity in Nicaragua, Honduras, and Belize”.
Kurdiske musikkstjerner
Det kurdiske folk er spreidd, og kulturen deira er hardt prøva; nyleg kunne vi lese om arrestasjonar av kurdiske musikarar i Syria. I Iran har den kurdiske musikken blitt akseptert eller sensurert alt etter skiftande regime. Dei åtte søskena i The Kamkars frå Sanadaj i Iran er rekna mellom dei aller fremste kurdiske musikarane i dag. Dei har turnert over store deler av verda med den kurdiske tradisjonsmusikken og er kjent for ein dynamisk og innovativ stil. Dei har òg samarbeidd med vestlege musikarar, m.a. med London Symphony Orchestra, og i samband med utdeling av fredsprisen til Shirin Ebadi i 2003 var dei å høyre på Nobelkonserten i Oslo.
www.kamkars.net
Sterke kvinner frå Palestina og Mauritania
Den palestinske kulturen lever også under sterkt press. Amal Murkus er ein palestinsk songar som fører ein viktig kamp mot marginaliseringa og ekskluderinga den palestinske kulturen blir møtt med. Ho har medverka på ei rekkje plateinnspelingar, og vert også med på cden ”Listen to the banned” som Grappa musikkforlag gjev ut i mars i år.
www.myspace.com/amalmurkus
Mauritanske Malouma er ein annan songar som brukar songen til opplysning om AIDS, vaksinasjon, kvinnesak og andre tabuemne i heimlandet. På grunn av dette vart ho sterkt motarbeidd og eit tid bannlyst av militærregimet, og i fleire fleire år var stemma hennar tyst. Etter presidentvalet i 2007 er Malouma ein senator, og har ein heilt annan posisjon for å drive kvinnekamp og arbeid for å ta vare på og bringe vidare tradisjonsmusikken frå Mauritania. I 2008 vart ho nominert til BBC’s ”World music Award”
www.malouma.com
http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/6599701.stm
Jødisk klezmermusikk
Polske KROKE held den jødiske klezmertradisjonen i hevd på sin eigen måte. Trioen starta si musikalske karriere på jazzklubbar i Kazimerz, det jødiske kvartalet i Krakow, men fekk drahjelp internasjonalt då Steven Spielberg kom i kontakt med musikken deira under innspelinga av filmen ”Schindlers liste”. Det resulterte i speleoppdrag verda over, og suksessen var eit faktum. Kroke vart publikumsyndlingar då dei spelte på Førde¬festivalen fyrste gong i 1998, og vi ser fram til å ønske dei velkomne hit igjen, med sin intense og kjensleladde klezmermusikk, der gråt og glede går hand i hand.
www.kroke.krakow.pl
Også Norge og Norden
Vår eiga historie er ikkje plettfri den heller når det gjeld undertrykking. Heilt opp til moderne tid har både taterfolket og samane fått ei handsaming som kan vere vanskeleg å vedkjenne seg for mange. Og hardingfela har vore både bannlyst og brend…
Lars-Ánte Kuhmunen er ein joikar som kombinerer tradisjon med moderne element. Han deler livet sitt mellom reindrift og musikk. I 2006 vann han Folkelarmprisen for albumet Birrasis, og svensk tv laga dokumentarfilmen ” En jävla jojk” om Kuhmunen sitt arbeid med denne plata.
www.myspace.com/larsante
Sigøynarar frå India og Ungarn
Når vi skal fokusere på kulturell undertrykking er det uråd å komme utanom sigøynarane. Det blir sagt at vi ikkje veit heilt kvar dei kom i frå, men høgst truleg var det frå Rajasthan i India, for 1000 år sidan. Til festivalen kjem dei fargerike Dhoad Gypsies from Rajasthan med ekstatisk musikk, hypnotiske rytmar, og ein virvelvind av glitrande fargar.
www.myspace.com/dhoad
Og vi toppar det heile med legendariske Parno Graszt frå Ungarn. –Dette er ei gruppe som må opplevast! Det er berre å notere seg først som sist, seier ein entusiastisk festivaldirektør.
-Dei er elska over heile verda, og det blir sagt at desse 10 musikarane ikkje treng kjelder for musikken sin, dei ER kjelda! Forførande, medrivande, livselskande!
www.myspace.com/parnograszt
Eitt av høgdepunkta på festivalen blir når desse to sigøynargruppene set kvarandre i stemne på den store avslutningskonserten søndag 11. juli i idrettshallen
For meir informasjon, kontakt:
Festivaldirektør Hilde Bjørkum, mobil 90 91 99 33
Kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, mobil 90 73 85 27
Førdefestivalen er ein av Norges knutepunktfestivalar og den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen artistar frå heile verda gjennom over 80 store og små konsertar og arrangement over fire dagar til eit publikum på rundt 25 000. HM Dronning Sonja er festivalens høge beskyttar. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse.
www.fordefestival.no